
Rådgiving innan offentlig tjenestepensjon
Å forstå og handtere offentleg tenestepensjon krev kompetanse, erfaring og tid – noko mange arbeidsgivarar har lite av i kvardagen.
Eg tilbyr uavhengig rådgiving og opplæring innan offentleg tenestepensjon og folketrygd, retta mot kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege arbeidsgivarar.
Når behovet oppstår – ved medlemsspørsmål, kursbehov eller leverandørskifte – kan eg vere ein fagleg støttespelar de ikkje treng å ha fast på lønningslista.
​



Om meg
Eg har lang erfaring innan forvaltning av offentleg tenestepensjon. Eg har arbeida i Statens pensjonskasse, Pensjonskontoret og Oslo Pensjonsforsikring – der eg også hadde rolla som fagansvarleg.
Eg kjenner regelverket, praktisk handtering og utfordringane mange arbeidsgivarar møter i kvardagen. Som uavhengig rådgivar tilbyr eg støtte, rettleiing og kurs til offentlege arbeidsgivarar – når behovet oppstår.
Målet mitt er å gjere pensjon forståeleg og handterleg – for både arbeidsgivarar og tilsette.
​
Kontaktinformasjon
Telefon: 48 24 35 85
E-post: post@offentligtjenestepensjon.no